PRISER FOR PROSESS OG SAMTALE Oppstartsamtale med prosess om du ynskjer. Inntil 2 timer. Gratis. Ein til ein prosess: 1200 ( Tid for ein prosess varierer, prisen er den same) Integreringssamtale: 900 for 1 time. Prosess i gruppe : 8 gonger i gruppe 1 gong i månaden : 4000 Går du på AAP, er uføretrygda, eller ha låg inntekt ? Da kan eg tilby halv pris til deg.
Velkomen hit ! Godt nytt år ! Eg tek i mot mot klienter frå måndag til fredag mellom 10-16, og mellom 1800-2000.Passr ikkje tida kan vi sikkert få det til ! Velkomen til å møte deg sjølv !
Eg er fleksibel innan det tidsrommet eg har. Saman finn vi løysingar som passer deg
Det handlar om deg ! For meg er det viktig at Du som klient kan kjenne deg trygg hos meg som terapeut. Eg har taushetsplikt og arbeider etter retningslinene og etiske regler som gjeld for IoPT terapi. Tillit er for meg det aller viktigaste i eit klient/ terapeut forhold. Eg gjev deg eit trygt , aksepterande rom der du kan møte deg sjølv utan at nokon dømer deg. Eg vil støtte deg på vegen du legg ut på. Eg skal heie på deg, utfordre deg, og gje deg ei klapp på skuldra om du synes det er ok.
Eg heiter Ann Kristin og driv Millom Identitets orientert Psykotraume Terapi (IoPT) .Hjarteleg velkomen hit til sida mi !
Å synge sjela til barnet
Når eg skreiv prosjekt oppgåva på IoPT psykotraume terapeut studiet ,kom eg over ein artikkel i Tara om Himba folket som fortsatt tek vare på det indre.
Dei syng songar til barna si sjel slik at dei ikkje gløymer kven dei er. Dei straffar ikkje barnet om det har gjort noko gale, men syng songen barnet har høyrt heilt frå tida i magen.
Tilknytning
Når eg las om tilknytning og tilknytningsteorien i Frangz Ruppert sine bøker vart eg glad over å finne noko eg har leitt etter lenge.
Tilknytning og tilknytningsteorien vart difor det eg skreiv om i oppgåva : les her Tilknytning er difor hovudområdet mitt i denne terapi forma.
Menneska skil oss frå andre pattedyr ved at vi kan føle kva den andre føler. Dette kan vi på grunn av speglnevroner i hjernen. Speglnevronene gjer foreksempel at mødre kan kjenne behovet barnet har.
Tilknytning handlar om det usynlege bandet mellom mor og barn , skada tilknyting kan få store konsekvenser seinare i livet og blant anna føre til mange psykotraumer
Å ta vare på det sjelelege har alltid vore viktig i alle kulturer . Diverre har vi på mange måtar i den vestlege kulturen gløymt å ta vare på sjela, nære den og ikkje skade den. Dette ser vi resultatet av det blant anna i det veksande antal barn, unge og vaksne som slit med depresjonar og angst.
Alt vi undertrykkjer av kjensler gjev seg uttrykk i sjukdomar både psykiske og fysiske som legen Gabor Maté skriv om i "Når kroppen sier Nei "
Vi menneskjer har til alle tider søkt etter meininga med livet, og eg er ikkje noko unntak. Eg har alltid vore oppteken av det som skjer mellom menneskjer, kven vi er og kvifor. Eg kasta meg begeistra over Sokrates og Platon med
"Kjenn deg selv " på idéhistorie studiet , dykka ned i den spanande Matriarkat teorien på arkeologi, til eg fann psykologien med sjel Roberto Assaglioli sin psykosyntese. Ei syntese av austlege og vestlege tradisjonar.
I dag er eg IoPT traumeterapeut. Franz Ruppert kallar psykotraumer "Sår på sjelen". Eg er no i gang med Kunst og uttrykks metoder i terapi på masternivå ved USN som eg også vil ta i bruk etterkvart.
No er sirkelen er slutta med traumeterapi og tilknytningsteorien. No veit eg at det er tilknytning vi søkjer etter , og at svaret finns inni oss. For å få det bra med oss sjølv må vi knyte oss til oss sjølv igjen. Eg vil gjerne støtte deg i den prosessen.
Eg har gode verkty, erfaring, og ei metode som gjer at vi kan gå attende heilt til starten om vi må, for å finne tilbake til deg.
Eg er utdanna ved IoPT Norge instituttet i Oslo . Eg er medlem i Norsk traumeterapeut foreining NTF) og tek faglege oppdateringer i tråd med reglane som gjeld. Eg går jamnleg i veiledning .
Du er hjarteleg velkomen til meg !
Vi har ikkje gruppeterapi som IoPT terapeuter, men du kan ha prosess i gruppe. I gruppe er det på same måte som i individuell ein intensjon setning du bestemmer deg for å ha prosess på. Du kan be deltakarane gå i resonans med maksimum tre ord i intensjonssetningen din, resten av gruppa er der som støtte saman med terapeuten. Det er ei stor støtte i å ha prosess i gruppe. Du kan velje nokon som kan gå i resonans for deg, og når du er i prosesss har du mange observatører som du veit trur på deg og di traumehistorie. Det er av stor verdi.
Eg arbeider etter intensjonsmetoden og traume teori utarbeida av Dr. Professor Franz Ruppert. Ruppert skriv i bøkene sine at alle psykotraumer er som svarte hol i livshistoria vår. Ved å bruke ein intensjonssetning : Eks " Eg vil sleppe angsten" kastar vi ljos på dei mørke hola, og spegler deler av psyken. Ved hjelp av resonansteknikk kan klienten få kontakt med ein del av seg som lengter etter å bli sett og høyrt . Slik kan arbeidet med å bearbeide psykotraume begynne, og prosessen med å la sunne deler ta større og større plass fortsetje. Å Hente deler av sjela tilbake. "En psyke som er skadet av traumer kan bare heles innefra " Franz Ruppert
Eg tek i mot barn over 16 år, som har skriftleg tillatelse frå foresatte. Ofte kjem ein foreldre i terapi fordi dei har utfordringar med barn. Det viser seg gjerne at det er foreldra eller andre i familien sine traumer som gjer at barna får utfordringar. Når vi jobbar med oss sjølv som foreldre og klarer å bearbeide meir og meir av vår eigen traumehistorie får vi eit betre og meir avklart forhold til barna våre.
Du kan ha ein prosess åleine med terapeut som støtte. Du vel ein intensjon du vil jobbe med og skriv den ned i ei setning Du går i kontakt med tre ord i setningen, eventuelt kan terapeut også gå i kontakt med eit ord Viss du ynskjer kan du no ha kontakt med ein del av deg du kanskje ikkje kjente frå før!
«Jeg bruker ordet sjel hvis det gjelder prosesser som oppstår mellom Mennesker og som skapes når mennesker er i kontakt med hverandre» «Forstå dine sår i sjelen» Dette er for meg essensen i tilknytning . Det som oppstår mellom menneskjer. Eg skal presentere temaet tilknytning jamfør teorien til Franz Ruppert. Eg deler presentasjonen opp slik: 1: Kva er tilknytning ? Definisjon 2: Korleis oppstår Trygg og utrygg tilknytning? 3: Konsekvensen av utrygg tilknytning ( Symbiosetraume, tilknytningstraume, tilknytningssytemtraume)
GABOR MATÉ «I never get angry, I grow a tumor instead «seier ein av Woody Allens karakterer litt småvittig. Diverre ligg det mykje sanning i dette skriv Maté i boka « Når kroppen sier nei !» I alle tilfella han har beskrive i boka har personane skjønt og erkjent at dei har problem rundt sinne uansett sjukdom. Enten fordi dei undertrykkjer det, eller fordi sinnet kjem ut på feil måte.